20. juli vert det slektsstemne for etterkommarane etter Lars og Lovise Olderkjær!
Det er lagt ut informasjon om dette på Facebook, men sidan det er ikkje alle som brukar dette, vert og informasjonen lagt ut her. På slutten av denne sida kan du melda på deg og dine.
Her er 2 innlegg som Ove har lagt ut på Facebook i gruppa Lars og Lovise sine etterkommarar

18.05.13 FERJÅ GÅR 20.juli som planlagt, så sant mange nok melder seg på INNAN 1.JUNI. Etterkommarane til dei 11 olderkjærdøtrene og -sønene til Lovise og Lars vil bli kontakta pr telefon eller epost dei nærmaste dagane for påmelding med navn og nummer. Prisen for ferjecruiset blir ca 300 kroner pr vaksen (under 18 år gratis), i tillegg kjem eit varmt måltid til ca 200. Prisane er fortsatt cirka fordi dei er avhengige av kor mange som blir med. Samlinga i båthavna om kvelden er tilnærma gratis, utanom medbrakt mat og loddpengar. Meir info etter 1.juni.

23.04.13: For 15 år sidan hadde Olderkjær-klanen eit flott slektscruise med MS ”Midthordland” frå Sunde til Lovise sin fødestad Moster. I år har me sjansen til ein tilsvarande tur, no med veteranferja MF ”Skånevik”, som er reservert LØRDAG 20. JULI – i tilfelle det er stor nok interesse.
Me er ein liten gjeng som har snakka om å få til ein reprise. Planen er ein seks timars seglas rundt Halsnøy og Fjelbergøy, med kort stopp ved Lauvøy i Høylandssundet, der mor til Olderkjær-Lars’n vaks opp, eventuelt med avstikkar til Røyrvik/Kaldestad/Husnes, der dei olderkjærske forfedrene stamma frå. Etter landgang på Sunde i 18-tida er tanken at slektstreffet held fram litt seinare i Sunde båthamn utover kvelden og natta. Båthuset er booka.
Før det er snakk om bindande påmelding, inviterer me her på Facebook til tilbakemeldingar på om det er stemning for slektsstevne igjen, og på korleis gjennomføra det. Båten har plass til 150. Det kan bli i minste laget, alternativt kan to båtturar à 3 timar derfor vera aktuelt. Ferja kostar 5000 kroner timen å leiga. Dersom berre dei over 18 år betalar – som i 1998 – og det blir ca. 100 vaksne med, blir det 300 kroner pr. snute. Båten har skjenkerett, og serverer varmrett eller koldtbord for ca 200 – 300 kr pr pers. – alt etter kva meny me bestemmer oss for. Opplegget i båthavna blir langt, langt rimelegare, og er basert på medbrakt grillmat og drikke – og f. eks. åresal.
Spre ryktet og kom med reaksjon! Er dette noko å gå for? Har du i tilfelle forslag f. eks til programinnhald, til betalingsordning, eller lyst til å vera med i arrangementskomitéen?