Dette er nokre bilde som i si tid har vore i Lars og Lovise si eige. Eg har lånt albumet av Gudrun og skanna inn ein del av bilda.
Eg er litt usikker på kven som er på alle bilda, så viss du har gode idear om kven det er , er eg takksam om du gir meg beskjed.
- Dette bildet veit eg ikkje kor er teke eller kva tid det er teke, men det kan sjå ut som det er Olav som dreg kjerra, Gustav sit oppi og Judith? står bakerst
- Bildet er teke på Olderkjær, sør for huset, sannsynlegvis rundt 1950. Frå venstre: Helene, ?, ?, Margareth, Johannes, Randi?, Berit L, Gudrun, Bestefar, Einar, Bestemor, Ansgar
- Bildet er teke rundt 1958?. Bak står Bestemor og bestefar. I midten frå venstre: Svein, Berit Lovise, Margunn, Randi, Vigdis, Leif, Liv, Berit. Framme frå venstre: Ove, Solbjørg, Lillian, John Sverre, ?, ?
- Bildet er teke rundt 1934? Frå venstre: Leon, Anna, Leif, Bestemor, Ansgar, Johannes
- Bildet er teke på haugen, framforbi Stølen, sannsynlegvis rundt 1930. Framme frå venstre: Judith, Gudrun, Knut. Bak frå venstre: Ragnar, Johannes, Einar. Legg merke til sveivegrammofonen framfor Judith.
- Bilde frå eit av dei mange samlingane som var på Sørhaug. Her er det som vanleg duk rett på bakken. Dette er sannsynligvis teke på 70-årsdagen til Lovise 5. august 1957.
- Nok eit bilde frå hagen på Sørhaug (teke samstundes som det forrige) Gustav sin gamle Chevrolet 1936 står parkert på haugen. Dett var før den vegen som går til Olderkjær var laga
- Søskenbarntreff i hagen på Olderkjær ca 1946: Frå venstre Leif H, Arvid, Vigdis, Olemann, Anny, Liv, Leif O