Etterkommarar etter Ola Larsson (Oldefar)

Etterkommarar etter Ola Larsson (Olderkjær) f. 1816 d. 1900

Ola Larsson var oldefar min (farfar sin far). Han var den første som bygde hus på Olderkjeret og er stamfar til mange av dei som i dag bur på Olderkjeret, Hammaren og i Træsbygda. Han var gift to gonger og hadde 9 barn med den første kona (7 levde opp) og 11 med den andre (9 levde opp).

Ola fekk bygsel på Olderkjeret i 1847, men Anna Olsdotter d.e vart fødd 20. april 1849 i Fjellberg. Etter at Ola gifta seg i 1836 og før dei flytta til Olderkjeret budde dei i alle fall ein periode i Fjellberg, sannsynlegvis på Lauvøya.

Han var fødd på Kaldestad (Kvednadalen?), men vaks opp på Trommaplass, der deler av golfbanen på Husnes ligg i dag.

Eg har laga 3 ulike oversyn over etterkommarane:

  • Eit som viser treet grafisk og som viser detaljar om den personen du klikkar på i eit lite vindu nederst i skjermbildet. Dersom boksen rundt navnet ikkje er heiltrukken tyder det at mora og fara til den personen er i slekt med kvarandre. Barna til denne personen kan du då finna annan stad i treet. Tre og liste
  • Heile lista som tekst Liste
  • Berre treet Tre

Dersom du har kommentarar eller ønskjer å oppdatera lista send ein epost til

Reklame

2 Responses to Etterkommarar etter Ola Larsson (Oldefar)

  1. Margareth Samnøen seier:

    Hei. Ser på alt du har fått til av slektsopplysningar og historie. Det er flott.
    Trur ikkje eg har sendt melding om dei siste tilskota til vår familie;
    Bente og Njål i Sandnes fekk ei dotter, Jenny, 24. august 2008.
    Evelyn gifta seg 30. april 2011 med Bjørnar Ystad, f. 3. mars 1965, frå Bø i Telemark

    Med helsing Margareth i Eikelandsosen

  2. Reidar seier:

    Hei Margareth.
    Har sikkert fått meldinga før, men har nok gløymd å leggja ho inn! Men no er det på plass! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s