Gammal karakterbok

Under rydding på loftet heima på Sunde for ikkje så lenge sidan, kom eg over den gamle karakterboka frå folkeskulen.

Det var overraskande hyggeleg lesnad, med jamnt over bra karakterar. Ein tankevekkjar er det at den dårlegaste karakteren i 5.klasse (1963 – 1964) var i norsk skriftleg. Er det løye det står mykje rart og mange fleil på trykk i aviser no til dags?

Samtidig må eg seia meg stolt over merknaden frå klassestyrar Trygve Teigen som frå 5.klasse til 6.klasse oppgraderer inntrykket av underteikna frå «Ove er ein grei gut» til «Ove er ein svært grei gut».

Takk, Trygve. Heretter skal eg alltid bera karakterboka på meg og visa fram til alle som tvilar.

OVE ARNE OLDERKJÆR 22.9.2003

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s